
 Natur, historie og aktivitetI enden av ein fjordarm, innramma av fjell og lier, ligg landbruksbygda Vik. Naturen er dramatisk og vill, men også roleg og avslappande med vakre småbygder spreidd langsmed Sognefjorden.
Hopstock ligg midt i nasjonalromantikken. Berre ein rusletur frå historiske stader eller område som innbyr til aktivitet.
Strandsitjarstaden, ei rekkje med gamle hus heilt nede i fjørekanten, rommar mange historier. Her budde dei jordlause, som berre hadde ein liten åkerlapp rundt huset. Dei overlevde på fiske i fjorden og sal av ulikt handverk. Historia fortel om busetjing frå tidleg 1600-talet. Deler av Vikøyri er no verna.
Bygda er også kjend for stein- og stavkyrkjer frå 1100-talet. Ein ting er å rusle gjennom desse historiske byggverka. Noko anna er det å oppleve ein fiolinkonsert mellom dei tjukke steinmurane. Med berre flakkande levande lys frå tunge kandelabrar plassert rundt i den nesten tusen år gamle rommet.
Fisketur gir spenning eller ro...
Som gjest på Hopstock kan du oppleve spenninga ved å fiske etter laks i elva Vikja, eller roen som breier seg når du ventar på at auren skal bite på i eit av dei mange fjellvatna i området. Ein båttur på Sognefjorden kan fort bli ei oppleving som gir uventa resultat – i form av ulike artar fisk eller flotte bildeminne.
Balsam for sjela eller adrenalin-kick...
Du kan få nærkontakt med fjorden gjennom ro- eller padleturar nær land. Då kan du oppleve veglause bygder og idyll. Kort sagt; fred og ro...
Ønskjer du anna type bruk av fjorden? Meir fart og spenning, noko som gir adrenalin-kick og sug i magen? Då er mest truleg havrafting tingen for deg. Med store gummibåtar og bånn hyling over bølgjetoppane er det også eit minne verdt å ta med seg. Dersom du er på leit etter fart og spenning...
Borgstova
Brygging av øl har lange tradisjonar i Sogn. Borgstova frå 1860 er den perfekte ramma dersom du ønskjer å få ei innføring i historia og kunsten å lage godt øl. Den gamle, særprega bygninga kan også brukast til ulike møte. Den gir ein heilt spesiell atmosfære som ramme rundt arrangementet.
Nokre timar unna ligg attraksjonar og aktivitetar på rad og rekkje. Det er berre å plukke frå øvste hylle og fylle dagane med opplevingar. Basen din kan du ha på Hopstock Hotell & Motell.
Sjekk attraksjonar og aktivitetar.
|